top of page

BLI INSPIRERT

portrettbilde av linalyng

OM LINALYNG

Lina Valland Lyngset (1977)

Eg bur og arbeider i Norheimsund i Hardanger.  Les mitt Artist statement og finn ut meir om meg HER

notre dame.jpg
Du er den blomen du skulle vera.webp
torefjell.jpg

LEVERING

TRYKK: Etter bestilling i nettbutikken vil bestillinga bli vidaresendt trykkeriet, som også sørger for å sende kunstverket direkte til deg. Du må rekne med at det tar ca. 2 veker før du får levert bestillinga di. Hastar det? Ta kontakt så har me kanskje noko på lager som passer eller me kan trykke sjølv på akvarellpapir opp til 120x42,5cm.

MALERI: Kan som regel hentast i Norheimsund ila kort tid, eller me sender og vanlig postgang må påreknast. 

KJØPSHJELP

Ynskjer du å sjå kunsten på veggen din før du kjøper? Send eit foto av veggen din til linalyngset@hotmail.com og så vil eg photoshopa det opp på veggen din så du kan få eit inntrykk av korleis det kan sjå ut og kva storleik og ramme som passar best. Du vil motta fotomontasjen på e-post innan 3 virkedager. Denne tenesta er gratis. Eg kan og koma med ulike forslag til bilde eg tenkjer kunne passa, dersom du er usikker på kva bilde som kan passa. Sørg i tilfelle for å få med litt av interiøret elles i rommet på bildet du sender meg, eller send fleire bilde av rommet.

INNRAMMING

Du kan få trykket ditt levert ferdig innramma. Trykkeriet me brukar leverer kvalitetsrammer i ulike fargar. Du kan i nettbutikken velga mellom svart og eik. Det fins og andre fargar og dimensjonar, men du må då kontakta oss. 

"Den perfekte fargen finst ikkje. Du leitar forgjeves etter den fargen som du kan sjå på for seg sjølv og så er den berre fantastisk og interessant i lengden. Det er i kombinasjonen av fargar magien ligg. Eg elskar å prøva ut nye fargekombinasjonar. Både i maleri og interiør. Eg sluttar aldri å bli overraska over korleis fargar påvirkar kvarandre."

LinaLyng

Interiørbilde av tapet av linalyng

UTSMYKKING

Bilde som lagar betre rom - både i offentlege og private interiør 

Lyddempande plater, utsmykking av vegg med tapet i fantastisk kvalitet, trykk på tekstil i både stort og lite format, skilt og utandørs utsmykking, folie, vindusfolie....  Det er eit hav av mogelegheiter for å utsmykka med kunsttrykk. Ta kontakt for ein uforpliktande prat og lat oss vera kreative saman! Sjå eksempel på tidlegare prosjekt HER

Følg meG

  • Instagram
  • Facebook

LinaLyng

Org.nr: 813166992

 klarna og vipps logo

©2024 LinaLyng, All rights reserved.

FÅ NYHETSBREV

Meld deg på epostlista.( Eg lovar å ikkje spamma deg!)

Takk for at du abonnerte!

bottom of page