top of page

NUMMERERT OG SIGNERT - OPPLAG KUN 50 (til saman - uansett storleik)

Alle trykk kan du enten få på Hahnemüle akvarellpapir eller på lerret oppspent på blindramme i tre. Runde bilder blir spendt opp på rund blindramme. Bestiller du eit rundt bilde på akvarellpapir, kjem dette i kvadratisk format med kvit kant rundt sjølve bildet, og kan rammas inn som kvadratiske bilder. Fargane blir litt djupare og med enno vakrare spel på det heilt matte akvarellpapiret enn på lerret, men om bildet skal hengja ein plass det bør ha glass framfor seg (pga fare for sprut og skit) går vinninga opp i spinninga og trykk på lerret er å føretrekka. I større storleikar er trykk på lerret best. Personleg pleier me å velja akvarellpapir der det går an, og me likar å ikkje ha glas framfor. 

Gicléetrykka blir laga med arkivbestandig blekk i 10-fargar på syrefritt Hahnenmühle Fine Art akvarellpapir eller på OEKO-TEX®-sertifisert bomullslerret med ei lett strukturert overflate. Blekket og mediet har ein garantert arkivbestandighet i 100 år innandørs.

Bestillinga blir vidaresendt trykkeriet, som sender kunstverket direkte til deg. Du må rekna med at det tar ca. 2 veker før du får levert bestillinga di. Hastar det? Ta kontakt så har me kanskje noko på lager som passar eller me kan trykka sjølv på akvarellpapir opp til 120x42,5cm.

 

Du kan få trykket ditt levert ferdig innramma i kvalitetsrammer i ulike fargar. Her i nettbutikken kan du velja mellom svart og eik. Det fins og andre fargar og dimensjonar, og du kan også få trykk på akvarellpapir innramma med passepartout, men du må då kontakta oss direkte på linalyngset@hotmail.com. 

Climbing roots

kr 2 500,00Pris
  • Dersom du ynskjer å nytta angreretten, må du senda oss ein epost innan 14 dagar. Kjøpar må sjølv betale og ordne med returfrakt. NB! Sidan trykka kun blir produserte etter kvart som kundar kjøper dei, har me ikkje mogelegheit til å ta større bilde i retur. For trykk der minste lengda er større enn 70 cm gjeld difor ikkje angreretten. Alle maleri har vanlig angrerett.

bottom of page