NUMMERERT OG SIGNERT - OPPLAG KUN 50 (til saman - uansett storleik)
Trykka blir laga med arkivbestandig blekk i 10-fargar på OEKO-TEX®-sertifisert bomullslerret med ei lett strukturert overflate. Blekket og mediet har ein garantert arkivbestandighet i 100 år innandørs. Lerretet er spent opp på blindramme i tre.
Bestillinga blir vidaresendt trykkeriet, som sender kunstverket direkte til deg. Du må rekna med at det tar ca. 2 -3 veker før du får levert bestillinga di.
Du kan få trykket ditt levert ferdig innramma i kvalitetsrammer i ulike fargar. Her i nettbutikken kan du bestille sveveramme i eik (10 mm breid og 40 mm djup) , som passar svært godt til mine maleri og er det dei fleste vel. Det fins og andre fargar og dimensjonar på rammer, men du må då kontakta meg direkte på linalyngset@hotmail.com.
Barn og mor
Du kan velja å få trykket ferdig innramma. For trykk på akvarellpapir kan du velja mellom matt svart (20mm breid og 30 mm djup) og lys eik (18mm breid og 28 mm djup). Du kan og velja å setja bildet i ramme sjølv, det finst mange fine og rimelige ferdige rammer å få kjøpt i butikkar. (Pass då på å velja ein av standardstorleikane; 30x40 cm, 50x70 cm eller 70x100 cm) For trykk på lerret kan du velja mellom matt svart (20mm breid og 35 mm djup) og eik (10mm breid og 40mm djup). Trykk på lerret går det og an å hengja rett på veggen uten ramme, då dei kjem ferdig oppspente på blindramme.

