top of page

Lina Valland Lyngset (1977)

24-3-19-3553.jpeg

Artist statement

Artist statement in english

Menneske er som blomar

skund deg å nyta kor vakre dei er

før dei visnar

 

Som 16-åring skreiv eg dette enkle, litt naive diktet. På mange måtar oppsummerer dette verset igjen og igjen mitt kunstnariske prosjekt. Medvitet om at livet er forgjengeleg, konstant endrar seg og går i fasar, er nok mitt djupaste motiv for å mala. Gjennom bileta mine søkjer eg å gjera både meg sjølv og andre merksame på det førebelse i livet, å utforska, omfamna og finna meining i kvar livsfase. Me treng ikkje forstå alt, men me treng å akseptera; dette er sånn det er akkurat no, og det kjem til å endra seg. Enten eg malar blomar, menneske, hus eller landskap, er det dette medvitet eg søkjer. Kvar er eg no? Kva skjer i meg og rundt meg? 

 

Gjennom å studera blomar, planter og natur er det lett å bli klar over livets mange fasar, syklusar og mønster. Parallellane til menneskelivet er uendelege. Samstundes gjer naturen noko med oss som ord ikkje kan forklara. Er det fargane, mønstra, eller noko heilt anna som gjer at å vera i naturen lettar sinnet? 

 

FARGAR har stor kraft og påverknad på meg. Behovet for å leika med ein spesiell farge eller fargekombinasjon er gjerne starten på maleria mine. Eg føl intuisjonen; dragninga i magen mot bestemte nyansar, linjer og motiv. Eg utforskar kjensler og opplevingar som ikkje er tilgjengelege for meg gjennom ord, og tilfeldige teknikkar, som til dømes å la uttynna maling renna og blanda seg, bistår meg i denne utforskinga. Seinare i prosessen hentar eg gjerne fram igjen figurative former. Det særprega uttrykket kjem fram ved at eg arbeider mykje lag på lag. Eg let maleria modna mykje undervegs og arbeider på mange lerret parallelt. Det kan ta opptil fleire år frå eit bilde er påbegynt til det er ferdig. Eg set pris på alle mogelegheitene datamaskiner gjev, og eg brukar gjerne photoshop både i utviklinga av motiv og til å laga trykk av maleria i etterkant. I staden for at eg blandar fargane heilt, let eg mange ulike fargar stå i små felt eller strøk og spela mot kvarandre. Dette gjer at både maleria og giclee-trykka mine er litt som kameleonar. Dei endrar seg med lyset og I forhold til fargane i omgjevnadene og har ein tendens til å smelta inn i svært ulike interiør trass i at dei blir oppfatta som fargesterke. 

 

Samanhangen mellom maleri og tittel/ord er utrulig sterk for meg. Ofte veit eg ikkje kva eg malar før tittelen kjem. Det kan skje både tidlig og seint i prosessen. Når eg plutselig «mottek» ord til eit bilde eg held på med, er det ei underleg oppleving. Og det er slett ikkje slik at eg forstår alt i mitt eige verk kun fordi den tittelen «høyrte til». Tittel og bilde kan vibrera saman på meir eller mindre gåtefullt vis i år ut og år inn, også for meg.

 

Eg har ein hang til å framheva konturar i maleria og leikar også med gjentakingar av desse. Slike forenkla former og framhevingar kjennest som ei lette, både for blikket og for sjela. Eg likar spenninga mellom enkle konturar og komplekse fagesamansetjingar lag på lag. Konturar ryddar opp. På samme måte som vitskapelege forenklingar ryddar opp, så me kan laga oss teoriar og forklaringar for å forstå verda. Konturar og forenklingar framhevar komplekistet, dersom me samstundes let det komplekse synast. Det same gjeld for refleksjonar og gjentakingar. Desse kjennest også som ei lette, og me opplever det som vakkert når til dømes landskapet speglar seg i vatnet. Kunsthandverk har gjennom tidene konsentrert seg om gjentakande mønster. Broderitradisjonen, som står sterkt her i Hardanger, er døme på dette, og eg tenkjer at desse arbeida vekkjer djupt i oss ei gjenkjenning for sjølve livet og livssyklusen.

Utdanning: 

Eg har ei lang akademisk utdanning som cand polit med blant anna hovudfag i pedagogikk. Dei siste åra, spesielt etter at eg fekk barn, har malinga teke stadig meir av tida mi. I 2011 hadde eg min første utstilling. Etter flere år med deltidsarbeid, gjekk eg over til å mala på heiltid i 2017. 

Skrive om LinaLyng: 

"LinaLyngs titler er små narrativer som tilfører bildene en poetisk dimensjon, noe som vekker underliggende følelser i betrakteren. I møte med bildene tas man med på en introspektiv reise i menneskesjelens skjulte rom. Her kommer man i berøring med det som er glemt og gjemt, man nøster i usynlige tråder og løser opp floker som har filtret seg sammen. Slik nærmer man seg kjærnen i seg selv, og man grunner over hva som er viktigst i livet. LinaLyngs bilder minner oss på at man må ha et åpent hjerte. Man må være varsom og tørre å kjenne på det som kan være vanskelig for å komme i kontakt med seg selv og den gudommelige kraften. Slik kan man få et rikere liv og dermed bli bedre medmennesker."

- Trude Krane

 senter for kristen kunst

"Uansett om hun skildrer spesifikke temaer eller om hun maler mer panoramalandskap, åpner LinaLyng en ny verden for betrakteren. Hennes arbeid minner oss om et «paradis tapt» i det moderne bybildet, mens stilen hennes har sterke likheter med arbeidet til store ekspresjonister, som Ernst Ludwig Kirchner."

- Vanessa Souli

kuntkurator, Berlin

bottom of page